Sveip til neste sideBla med piltastene
Film

Aleine saman

Vakker, men ujamn Fosse-film.

Korleis filma Fosse? I dei smale opningane mellom nausta finn Gerd (Kristi-Helene Giæver Engeberg) og Asle (Leo Magnus de la Nuez) eit rom der dei i korte møte kan vera verda for kvarandre. Seinare blir veggane klaustrofobiske, og vi ser dei to kjærstane stå aleine i dei tronge romma. Foto: SF Norge

Kjærast

(Noreg, 2026) Regi: Erik Poppe Manus: Jon Fosse Drama/ 1 t. 54 min./ Oslo Pix, på kino frå 18. september

Tom Remlov la skulda på «auteursyndromet» (forstått som regissørens krav om full kreativ kontroll over manuskriptet) då han i Klassekampen laurdag skulle forklara kvifor det har tatt fleire tiår (og ein Nobel-pris) å få realisert ein Jon Fosse-film. Den tidlegare Norsk Film-direktøren skreiv interessant om sitt 1990-talssamarbeid med Fosse, som resulterte i originalmanuset «Bad Moon Rising». Når filmscenarioet frå 1997 endeleg har vorte realisert, er det nettopp av ein leiande, norsk auteur, Erik Poppe, som har vist (i «Utvandrarna», 2023) at han ikkje kvir seg for å gjera personlege tolkingar av kanoniserte forfattarar.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.