Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattLønsoppgjer

Strikkefare

Det er brot i forhandlingane til strikkarane og saka går nå til hekling. Eit hovudkrav er strikkepinnar for keivhendte. Strikkarane krev leveleg økonomi og vil ikkje bli avspist med restegarn eller bambuspinnar. Dei krev også auke i masketalet. Leiaren for motparten har satt opp ei sterkt høgrevridd maske og ser stor fare for at alt vil rakna. Riksheklemannen har prøvd å nøste opp alle lause trådar, fleire framlegg til nye fletter er lagt, men strikkarane finn hol i alle mønstre. Førebels vil dei følgje same mønster som i tidlegare oppgjer. Publikum tykkjer krava er både rette og vrange. Ut på våren er det venta eit utkast vil gå til rundpinneavrøysting.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.