Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Falsk ni, ekte empati

Portrett av ein elskeleg mann.

ORDINÆR: Prestasjonane på bana er sant nok ekstraordinære, men personleg­domen til Kenny Dalglish er utprega uspektakulær. Foto: Selmer Media

Kenny ­Dalglish

(Storbritannia, 2025)

Regi: Asif ­Kapadia

Dokumentar / 1 t. 44 min. / Human internasjonale dokumentarfilmfestival

På veg inn i salen for å sjå filmen om den levande skotske fotballegenda Kenny Dalglish prisar eg meg lukkeleg for at den er teksta på norsk. Som fan av eit lag Dalglish har leia til topps – ikkje Liverpool, Blackburn! – har eg sett og høyrt ei uhorveleg mengd intervju med mannen, men eg har knapt skjøna eit ord han har sagt. I sjølvbiografien avfeiar den mumlande meisteren rykta om at han var aktuell for England-jobben med at språkbarrieren var eit hinder. I Asif Kapadias nye dokumentar takkar han for prisen som årets spelar med å vri på ein floskel: I don’t know what I can say … You wouldn’t understand it.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.