Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Slite refreng

Med kraftfulle grep spør «Gitarmannen» på Den Nationale Scene korleis ein finn sitt kall – og blir ved det.

Tidskapsel: Jon Fosse skreiv «Gitarmannen» til Bjørn Willberg Andersen i 1995. Det gir meining å sette opp stykket no som han sjølv har nådd ein viss alder – modningsprosessen siv inn i materialet. Foto: Sebastian Dalseide

Gitarmannen

Den Nationale Scene, Bergen

Av: Jon Fosse

Regi: Ida Høy

Musikk: Lars ­Lillo-Stenberg

Lysdesign og visuelt konsept: Randiane Sandboe

Med: Bjørn Willberg Andersen

Stykket «Gitarmannen» vart skriven til Bjørn Willberg Andersen i 1995. Den unge skodespelaren hadde spela hovudrolla i den aller fyrste Jon Fosse-oppsettinga på Den Nationale Scene året før, «Og aldri skal vi skiljast». Fosse skreiv etter oppmoding frå Willberg Andersen ein monolog. Dei to dela interessa for musikkteater, og begge to hadde spela i band i ungdommen. Kvar elles blir vel store gutedraumar fødd, enn på prøverommet, med fingrar stive av øving på akkordar?

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.