Alle Marks menn
Journalist-herosimen i «The Social Reckoning» knirkar i filmledda.

The Social Reckoning
(USA, 2026) Regi og manus: Aaron Sorkin Drama/ 1 t. 52 min./ Kino
Med «The Social Reckoning» har Aaron Sorkin fullført dobbeltportrettet av Mark Zuckerberg, som dramatikaren byrja på i sitt Oscar-vinnande manus til «The Social Network» (2010). Det er eit moralsk og politisk nidportrett. Og nett det burde ikkje vera overraskande for dei mange (inkludert underteikna) som lét seg forføra av Sorkins ikoniske tv-serie «Presidenten» (1999–2006) der politikk blir framstilt som det godes gjerning, ei gjerning som kallar på nasjonens mest briljante hjernar. Denne idealismen har seinare måtte tola mange nederlag både i Washington og Silicon Valley.
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.
