Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Den eigentlege heimefronten

«Vandringer til Falstad» løftar fram ein kvardagsleg krigshelt. Diverre druknar heilskapen i ein litt for omstendeleg detaljrikdom.

INDRE STEMME: Johanne (Line Heie Hallem) blir heimsøkt av sitt alter ego (Oda Eggen), som både yter henne motstand og gir god rettleiing. FOTO: TOR HAUGMARK

Vandringer til Falstad

Turnéteatret i Trøndelag og Ulvilla teater

Manus, regi og scenografi: Arnulf Haga

Komponist: Asgeir Skrove

Musikar: Øyvind Gimse 

Med: Line Heie Hallem, Lavrans Haga, Oda Eggen, Tor Ove Hallem, Nils Hallem og Bjørn Erland Søderstrøm

Med dagens verdssituasjon er det meir enn forståeleg at forteljingane frå andre verdskrig framleis er aktuelle. I dag blir det heldigvis også løfta fram sider ved krigshistoria som lenge har vore ukjende, slik som kvardagen i den eigentlege heimefronten og den kampen dei mange anonyme kvinnene førte. Samstundes med å halde fortet heime med ungar og dagleg stell dreiv mange av dei med livsfarleg illegalt arbeid – utan å få korkje medaljar eller anerkjenning.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.