Streberne
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.
Bilen er ikkje eit fridomssymbol, men ein behaldar for oppdemt sinne.

(USA, 2023, S1) Serieskapar: Lee Sung Jin Svart komedie, 10x35min., Netflix
Den nyaste Netflix-snakkisen «Beef» er kanskje det sosialpsykologisk mest interessante road rage -dramaet sidan det klikka for Michael Douglas’ deklasserte MAGA-prototyp i Joel Schumachers «Falling Down» (1993). «Beef» er også ei Los Angeles-forteljing om krenkte sjølvbilde og brotne samfunnsideal, men i hendene på ein amerikansk-koreansk serieskapar med fingerspisskjensle for tidsåndsmarkørar, viser «Beef» ei meir fleirstemmig og interseksjonell tilnærming til kampen om makt og privilegium enn det monologiske 90-talsfilmar gjorde. Til liks med nærskylde serieskapningar som «The White Lotus», gjer også «Beef» medvite bruk av estetikk (som produksjonsdesignar Grace Yuns spesiallaga kunstverk) som retoriske verkemiddel.
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.