Hva om kineserne laget en remake av «The Interview»?
journalist i Klassekampen
Han tørket svetten av pannen.
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.
Kollaps
Jens Kihl
Denne vinteren har det skjedd noko veldig rart. Noreg har fått ei regjering som tilsynelatande har gjeve opp, trass i at det er to og eit halv år til dei får avløysing. Der Solberg og Jensen i fjor var heftige og begeistra, er det no eit skjær av blåblå avmakt i andleta deira. Landets statsminister har slutta å argumentere for politikken sin. Ho orkar rett og slett ikkje. «Dette har det norske folk faktisk stemt for», var hennar svar på kvifor regjeringa vil teppebombe dagens arbeidsmiljølov. Resten av laget hennar høyrest ut som eit ekko av regjeringssjefen: «Vi har fått fleirtal i valet», var Høgre-representant Kristin Vinjes grunngjeving for kvifor regjeringa og Venstre vil opne for søndagshandel. Liknande takter høyrer vi frå Siv Jensen og resten av regjeringa. Om ein skulle vere litt konspiratorisk, kunne ein tru at dette var eit medvite kommunikativt val frå regjeringspartia. Når alle politikarar frå eitt parti plutseleg høyrest heilt like ut, er det som regel ikkje heilt tilfeldig. Ein skulle kanskje tru at den sikraste supporterklubben for desse endringane ville vere i Unge Høgre, men der har leiar Kristian Tonning Riise gått over til å berre skrive kronikkar om sitt hat mot julefilmen Love Actually. Det kjennest rart å starte det nye året med sakne Unge Høgre i samfunnsdebatten, men slik har det altså blitt. Det mest dekkjande ordet for situasjonen på høgresida er kollaps.
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.
Statoil
Vil ha inn industristrateg
Fellesforbundet ønsker ein toppsjef i Statoil som bidrar til å utvikla den norske leverandørindustrien:
ØNSKER SEG INDUSTRIBYGGAR: Forbundssekretær i Fellesforbundet Jørn Eggum ber styret i Statoil gå for ein ny konsernsjef som vil vera med å vidareutvikla norsk leverandørindustri.
– Det viktig å få ein toppsjef i Statoil som forstår leverandørindustrien, og som forstår leverandørindustrien sine moglegheiter til å utvikla seg, seier Jørn Eggum.