Solveigs salt

Aleine i 1846

Fortida må vera som ho alltid har vore.

Det finaste med filmane om Harry Potter er at dei same ungane var med frå år til år, slik at ein kunne sjå dei veksa opp. Den populære tv-serien «Sex And The City», som kom ut i seks sesongar frå 1998 til 2004, viser utvikling og modning hos vaksne, frå krav på full fridom til langsam aksept av ansvar. No er rollefigurane tilbake i «And Just Like That», som er like ujamn og tøysete som forløparen, og med same overraskande glimt av visdom.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Manneliv

På nittenhundretalet breidde det seg teikning i aviser og vekeblad av ein steinaldermann som klubbar ned ei kvinne og dreg henne inn i hola etter håret. Det er eit nøyaktig avtrykk av forskremde menns ærefrykt for brutale bøller, men grovt misvisande når det gjeld livet i førhistorisk tid. Ingen holemaleri viser menn som klubbar ned kvinner. Og barna til ei mor med hjerneskade har ingen overlevingsfordel i eit samfunn utan trygdevesen. Likevel har dette biletet blitt ståande som den harde sanninga, og evolusjonsbiologien har ikkje gjort noko for å korrigera det. Tvert om har det blitt underbygt av ein tilsynelatande vitskapleg påstand om at fordi mannen har så mange sædceller, er det hans natur å spreia dei over så mange kvinner som råd utan å involvera seg emosjonelt. Fordi kvinna har så få eggceller, er det hennar natur å halda seg heime og bøya seg audmjukt for makta til mannen.

Hor og straff

Den nittande februar 1839 kom lensmannen med to vitne til Peder på Nevland i Gjesdal for å krevja inn dei nitti spesidalarane han var dømd til å betala ekskona Sofia fordi ho ikkje orka vera gift med han lenger. Med sakskostnader på ti spesidalar i tillegg tilsvarte det prisen på minst tolv kyr. Så mange pengar hadde Peder ikkje, så lensmannen tok beslag i husdyr og innbu. Alt saman blei omhugsamt ført til protokolls, derfor veit me at han berre hadde sju kyr, og at to av dei heitte Pelekana. Dei fem andre heitte Knaprei, Sølvros, Lindokka, Flinkeros og Rosa. Namna på dei åtte mennene som var utnemnde til å fastsetja vederlaget, er òg skrivne ned. Peder hadde sjølv godkjent dei, og hadde nok aldri sett for seg at alle saman skulle stilla seg bak Sofia.

Pilsner i snor

I desse dagar sviv jordkloten inn i den meteorsvermen som viser seg i stjernebiletet Persevs og derfor heiter Perseidane. Dei blir òg kalla tårene til sankt Laurentius, som skal ha lide martyrdøden mot slutten av det gamle Romarriket. Etter tradisjonen blei han steikt langsamt på ei rist, men folk som har greie på det, seier at det er ein legende som har oppstått på grunn av ein stavefeil. Det mest sannsynlege er visstnok at han fekk hovudet hogge av. Eg har enno ikkje funne ut av om det var ved dette høvet han felte dei skinande tårene som for til himmels og blei ein del av solsystemet, eller om han gjorde det i sitt daglege virke som god kristen. Eg hadde ikkje eingong visst at han gret, om det ikkje var for ei sorgmunter dansk vise som ofte blei spelt på norsk radio i gamle dagar, om nokre ølflasker som heng til kjøling bak båten ein sommardag på sjøen. Skipperen drikk tett frå morgon til kveld, og visa sluttar litt gåtefullt med at: Stjernerne skrider – Laurentius brister i gråd. To pilsnere i en snor efter en båd. Etter kvart som flaskene blir henta opp og tømte, blir to nye lagde uti.