Solveigs salt

Pilsner i snor

Intim omgang med hannflaska vil øydeleggja henne sosialt.

I desse dagar sviv jordkloten inn i den meteorsvermen som viser seg i stjernebiletet Persevs og derfor heiter Perseidane. Dei blir òg kalla tårene til sankt Laurentius, som skal ha lide martyrdøden mot slutten av det gamle Romarriket. Etter tradisjonen blei han steikt langsamt på ei rist, men folk som har greie på det, seier at det er ein legende som har oppstått på grunn av ein stavefeil. Det mest sannsynlege er visstnok at han fekk hovudet hogge av.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Manneliv

På nittenhundretalet breidde det seg teikning i aviser og vekeblad av ein steinaldermann som klubbar ned ei kvinne og dreg henne inn i hola etter håret. Det er eit nøyaktig avtrykk av forskremde menns ærefrykt for brutale bøller, men grovt misvisande når det gjeld livet i førhistorisk tid. Ingen holemaleri viser menn som klubbar ned kvinner. Og barna til ei mor med hjerneskade har ingen overlevingsfordel i eit samfunn utan trygdevesen. Likevel har dette biletet blitt ståande som den harde sanninga, og evolusjonsbiologien har ikkje gjort noko for å korrigera det. Tvert om har det blitt underbygt av ein tilsynelatande vitskapleg påstand om at fordi mannen har så mange sædceller, er det hans natur å spreia dei over så mange kvinner som råd utan å involvera seg emosjonelt. Fordi kvinna har så få eggceller, er det hennar natur å halda seg heime og bøya seg audmjukt for makta til mannen.

Hor og straff

Den nittande februar 1839 kom lensmannen med to vitne til Peder på Nevland i Gjesdal for å krevja inn dei nitti spesidalarane han var dømd til å betala ekskona Sofia fordi ho ikkje orka vera gift med han lenger. Med sakskostnader på ti spesidalar i tillegg tilsvarte det prisen på minst tolv kyr. Så mange pengar hadde Peder ikkje, så lensmannen tok beslag i husdyr og innbu. Alt saman blei omhugsamt ført til protokolls, derfor veit me at han berre hadde sju kyr, og at to av dei heitte Pelekana. Dei fem andre heitte Knaprei, Sølvros, Lindokka, Flinkeros og Rosa. Namna på dei åtte mennene som var utnemnde til å fastsetja vederlaget, er òg skrivne ned. Peder hadde sjølv godkjent dei, og hadde nok aldri sett for seg at alle saman skulle stilla seg bak Sofia.

Aleine i 1846

Det finaste med filmane om Harry Potter er at dei same ungane var med frå år til år, slik at ein kunne sjå dei veksa opp. Den populære tv-serien «Sex And The City», som kom ut i seks sesongar frå 1998 til 2004, viser utvikling og modning hos vaksne, frå krav på full fridom til langsam aksept av ansvar. No er rollefigurane tilbake i «And Just Like That», som er like ujamn og tøysete som forløparen, og med same overraskande glimt av visdom. På ein måte er han betre, fordi miljøet er meir omfattande og hudfargen på dei medverkande meir variert. Elles er luksusforbruket like tankelaust som før, og det einaste forsøket på å trekkja inn naturen er når Miranda mistar mobilen under ein strandryddingsaksjon og plutseleg er fullstendig bortkomen i eit tomt og ukjent univers. Men det stivpynta bymennesket Carrie utsett seg frivillig for den perspektivutvidinga det medfører å bli saman med gamlekjærasten Aidan, som bur langt ute på landet og har ein tenåringsson som heller vil døy enn å ha stemor. Sjølv bur Carrie i eit herskapshus i New York frå 1846, og mens kjærleiksdramaet går sin gang, diktar ho det inn i ein historisk roman som endar med at hovudpersonen sit aleine i hagen sin. Forleggjaren synest at det er ein altfor sørgjeleg slutt for den lesargruppa som boka er skriven for, og vil at ho skal føya til eit ekstra kapittel.