Sveip til neste sideBla med piltastene
Poetisk praksis

Edellauvskog

Fyllitt og glimmerskifer

forvitra

blei god jord

næringsrik, med luft

frå sjø og hav

skodde

sigande inn

edellauvskogen

der eika grev djupt

alm, lind og hassel veks

Bønder lauva her før

såg engkvein, hundegras

sølvbunke

gulaks

Kyr beita i edellauvskog då

vart trivelege og blanke

gjennom sommaren