Fenomen: Debutant Caro Claire Burke takker filmselskaper i bokas etterord. Foto: Riley Haakon
Caro Claire Burke
Yesteryear
Oversatt av Johannes Refsdal
Cappelen Damm 2026, 412 sider
Det enkle, anstendige livet. Dager som går med til å stelle på gården, dyrke sin egen mat, la barna bli mange. Måtehold, tradisjon og flittighet, alt under Guds øye.
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.
IntervjuMånadens poet
Næringsrike ord
Gro Dahle prøver å stable orda sine opp rundt fortvilinga.
BESTEMOR: Gro Dahle har armar og hovud og fang fullt av barnebarn om dagen. Inn i mellom kjenner ho på hjelpesløyse over situasjonen i Sudan. FOTO: ANNIKEN C. MOHR
– Gratulerer som månadens poet! Dikta dine er imponerande umiddelbare, sjølv når dei handlar om ting som er knortete å snakke eller skrive om. Er dette likeframme noko du strevar etter når du skriv?
– Nei, det er ikkje eit ideal for meg, det er ikkje slik eg vil skrive, ikkje det eg håpar på og drøymer om, det er berre det som kjem, anten eg vil eller ikkje, det er berre meg, slik eg er, ofte mot min eigen vilje til og med – men når det er sagt, så held eg meg til dei kloka råda frå læraren min Eldrid Lunden. Eg gjekk på forfattarstudiet i 1986 og ville skrive store, komplekse, vedunderlege romanar som Dostojevskij og Hamsun og Kafka, og Lunden sa til kvart einaste forsøk: «kast det og begynn på nytt!» Og det gjorde eg, pliktoppfyllande og usikker som eg var. Då ho til slutt fann noko eg hadde kasta i papirsøpla på distriktshøgskulen i Bø, noko tullball, barnslege og dumme dikt, sa ho at dette tullet var meir meg, og det var det, mykje meir meg. Så då satsa eg på det! Då sa Eldrid Lunden noko som har blitt eit motto for meg: «du får vera den du er, til det går over av seg sjølv!» Det har ikkje heilt gått over, difor er eg der framleis, i dette enkle, lettleste, der eg kanskje aldri heilt ville vere.
– Dikta dine blir ofte omtala som «naive» eller «naivistiske». No skriv du bøker både for vaksne og barn. Er det stor skilnad i måten du arbeider med det eine og det andre på?
– Eg skriv intuitivt for vaksne, lèt armen springe av stad med orda, og så følgjer eg etter utan heilt å vite kor eg skal – ei oppdagingsferd der eg ofte blir forundra over kva som kjem, for det er ingen planar, ingen mål, ingen ytre inspirasjon, ingen idear. Når eg skriv for barn, derimot, jobbar eg analytisk og med tydelege planar og prosjekt både i dikt og biletbøker. Då leitar eg etter allegoriar, metaforar, samanlikningar, besjelingar, allusjonar som kan vise det eg har lyst til å nærme meg, synleggjere og konkretisere det abstrakte. Men barnedikta mine blir brukt som vaksendikt, og vaksendikta som barnedikt!
– Vil du seie noko om korleis diktet ‘Jeg vil gjerne skrive om Sudan’ blei til, og om kvifor du gjerne ville skrive om Sudan nett no?
– Eg er veldig opptatt av krisesituasjonen i Sudan, 33 millionar menneske råka av ein av dei største humanitære katastrofane nokosinne, hungersnaud, tørke, tørst, menneske på flukt, seksualisert vald, overgrep, krig. Eg skulle gjerne ha skrive om det, men det er vanskeleg å skrive politisk utan at det tippar over, blir overtydeleg og banalt. Diktet blei til av frustrasjonen over desse fattige orda mine og den språklege hjelpesløysa eg kjenner meg fanga i – når det gjeld å skrive om dei store tinga, dei viktige tinga! Eg nytta høvet Klassekampen gav meg til å skrive noko om dette. Då har eg tidsfrist og press og så strekk eg meg og kanskje, kanskje skjer det noko. Dei fleste oppdragstekstane eg skriv, blir ikkje bra og dei legg eg vekk, men nokre tekstar set meg i gang og blir starten på fleire dikt, kanskje eit heilt prosjekt! Eg veit enno ikkje om Sudan-diktet blir eit dikt som eg legg vekk eller om eg kjem til å skrive dikt om fleire slike brannar som brenn i meg, fattigdom til dømes, og stadar som Ukraina, Palestina, Gaza, Libanon. Å prøve å stable orda mine opp rundt all denne fortvilinga.
– Kva les du elles om dagen?
– Eg har dagane mine og armar og fang og hovud fullt av barnebarn om dagen, så det eg les mest av, er biletbøker, minst ti biletbøker om dagen! Og det er så mykje bra, så mykje fint og gripande og rikt både visuelt og verbalt. Ei biletbok eg har lese igjen og igjen for to av barnebarna på to og tre år, er «Hvorfor det?» av dottera min Kaia Dahle Nyhus. Den blir dei aldri lei av, ikkje eg heller! Elles høyrer eg lydbok i bilen og når eg legg meg om kvelden, barnebarn i senger ved sidan av meg. Nett no høyrer eg «John of John» av Douglas Stuart og Haruki Murakamis «Kafka på stranden», lese av Mai-The Duc. Desse to lydbøkene er så utruleg godt innlest! Ei stor oppleving!