Tjue år i andre sine hus
No er eg der igjen. Eg har funne ein ny stad for å skrive som skal innfri alt eg drøymer om.

I oktober fekk eg det for meg at eg trengte eit nytt rom, ein ny stad å skrive. Det var ei hytte i familien ute på Lima der foreldra mine enno bur som sto tom, og eg tenkte at det var no det skulle skje, at det var her eg kunne vere. Eg skal male ho nett slik eg vil ha ho, ropte eg i telefonen til mor mi. Eg trur vi får ta det litt seinare, sa ho roleg, eg er på bussen, la oss snakke om det når eg er komen heim. Ok, sa eg og så la vi på. Det hjalla i veggene rundt meg etterpå, eg hadde blitt hissig og panisk, som om det sto om livet. Tanken var sånn sett god, eg følte at eg gjekk rundt i Stavanger og stanga mellom betongen og asfalten som eit dyr i bur. Ein dag tok eg for meg hytta, fyrte i vedomnen, vaska og rydda, flytta på møblar. Eg kjende at det kom ei jording i meg, og då eg køyrde heimover frå det vakre landskapet og inn i ettermiddagsrushet var eg rettare i ryggen og klarare i hovudet.
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.



