Solveigs salt

Middag hos oss

Det finst ingen i heile verda som er for fine for meg.

I teikneserien Calvin and Hobbes, på norsk Tommy og Tigern, er det ei side der foreldra ser gjennom nokre reklamebrosjyrar som dei har fått i postkassen. «Kvifor får eg kjensla av at samfunnet prøver å gjera oss misnøgde med alt me gjer og utrygge på kven me er?» spør faren, og mora svarer at det er fordi at dersom folk tenkte på verkelege problem og behov i staden for oppkonstruerte begjær, ville økonomien kollapsa. Konklusjonen er at å kasta reklamen vil gjera dei til terroristar. Det er ei patriotisk plikt å kjøpa det som hindrar dei i å leva eit enkelt liv.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Mani­pu­lerte behov

Mykje vil ha meir. Den som har mat, vil ha finare mat, den som har hus, vil ha større hus, den som er mektig, vil vera Gud. For å leva etisk må ein undertrykkja seg sjølv. Lukkeleg kan ein berre bli dersom ein gjer alt det ein har lyst til og lèt dei andre betala kostnaden. Denne tankegangen har utvikla seg under tilhøve der dei fleste menneske er fattige og triste, og eit ørlite, privilegert mindretal forsvarer retten til rikdom med ideologisk einsretting og rå makt. Likevel har han overlevd som gjeldande sanning langt inn i velferdssamfunnet. Verken filosofar, psykologar eller sosiologar har anstrengt seg nemneverdig for å finna ut korleis drivkrefter utanfor oss sjølve kan gje seg ut for å vera våre eigne personelege behov.

Søsterkrav

Etter at me fekk Netflix, Max og Tv2 Play, hender det sjeldan at eg ligg vaken ei natt. Sjølv om det berre er eit lite utval av desse ultraprosesserte tv-seriane som er laga for sånne som meg, kan eg kveld etter kveld bli sitjande å sjå på to-tre episodar i slengen. Kan henda er det ei slags vaken drøyming, allmennmenneskeleg tankespinn tilrettelagt av drivne psykologar som veit kva knappar dei skal trykkja på. I alle fall får dei meg til å sova heilt til morgons når eg endeleg kjem meg i seng. Ein av dei siste, «Sirens», handlar om to søstrer frå ein havarert familie. Devon, den eldste, har ofra sine eigne utdanningsplanar for at veslesøstera Simone skal få gjennomføra sine, eit offer som ikkje har gjeve det resultatet ho hadde venta. No er ho på veg for å henta Simone heim så dei saman kan ta seg faren, som er i ferd med å bli dement.

Sin eigen kanin

Det er ikkje godt å vita kva han har vore gjennom før han kom til oss, den dvergkaninen som held til i hagen vår no om dagane. Kan henda er han eit passivt offer for lunefull overmakt, dumpa av nokon som var leie av å ha kjæledyr. Eller han kan på eige initiativ ha utvandra frå ein liten koloni som visstnok held til på ein campingplass i nærleiken, fordi det var for mykje knuffing og interessekonflikt kaninane imellom der. For sjølv om det strir mot den nedarva flokkmentaliteten, framstår han i all si ferd som eit fritt og uavhengig individ, fullt i stand til å greia seg på eigen labb, med stor evne til å skaffa seg nye relasjonar. Endåtil eit par eldre menneske utan særleg mykje greie på korleis det er å vera kanin, kan gjera nytte som den nye flokken hans. Kva så når det blir haust? «Lever eg til sommaren, så byggjer eg meg hus,» seier haren i eventyret. Men når sommaren kjem, er der hus i kvar busk og ingen grunn til å slita seg ut.