Stilla frå eit orgel
Kajsa Bøyums debut er ein finstemd roman om orgel og sakn.


Kajsa Bøyum
Orgelskogen
Kolon forlag, 156 sider
Orgelbyggjaren Svein køyrer frå Bergen til ei lita svensk bygd, han er på veg til eit hus han ikkje har vore i på 20 år. Huset han skal til, var dei nyleg avdøde besteforeldra sitt og i praksis barndomsheimen hans. Då Svein var barn, drap faren mora hans og måtte sone fleire år i fengsel. No må huset kome i orden for sal, og gravferda til besteforeldra skal han vere med på. Samstundes som førebuingane og ryddinga er i gang, rullar barndomen utan foreldra i det svenske huset seg ut framfor han i meir eller mindre klare tilbakeblikk, dei kjem i korte passasjer som held drivet i romanen oppe. Svein hugsar til dømes at han den første sommaren fekk ansvar for å passe hagen medan farfaren styra med det juridiske etter drapet. Han gløymde å vatne gladiolane ein dag, blomane døde, og farfaren klikka. Elles kjem tilbakeblikk om puslespel og stille, i tillegg til at Svein aldri kunne snakke om det. Faren til Svein er i romanens notid snart ferdig med å sone, og den fåmælte orgelbyggjaren sit åleine i huset etter gravferda i fleire veker og ryddar like mykje som han ventar på noko.
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.