Jon Rognlien, som saman med Nikolai Brandal gav ut «Den store ml-boka» i 2009, har reagert på teatermeldinga mi av framsyninga «Grønnegata» på Hålogaland Teater. Og det forstår eg godt, for eg var upresis og lite nyansert i formuleringane mine. Oppsetjinga fortel om korleis den politiske aktivismen arta seg i Tromsø på 1970-talet, med særleg vekt på AKP (m-l) og Oktoberbokhandelen i Grønnegata. Eg viste til at det er skrive fleire bøker om denne tida, og dei fleste av folk som ikkje opplevde henne og som difor ikkje forstod kva som skjedde. Det var upresist. Eg burde i staden ha skrive at det er skrive mykje om denne tida, og ofte av folk som ikkje opplevde henne, eller som stod utanfor, og som difor ikkje forstod kva som skjedde.