Sterk straumføring
Smerte og vitalitet renn saman i Remi Skytterstads «elveantologi» om samiske erfaringar av fornorskingspolitikk.


Remi Skytterstad
Elva som renner rundt livet
Gyldendal 2026, 366 sider
Lagnaden til urfolksgrupper verda over har så tragiske dimensjonar at ein kan kvi seg for å ta det inn over seg – eg gjer i alle fall det. I Noreg handlar det om den brutale fornorskingspolitikken som samiske, kvenske og andre minoritetar vart utsett for. Men det finst også ein latent vitalitet i historia, både i kulturane som vart fordømde som heidenske og primitive, og i raseriet mot overmakta. Slik vitalitet strøymer gjennom debutromanen til Remi Skytterstad, i ambisjonsnivået, kreativiteten, sterke påstandar og, ikkje minst, i engasjementet for samisk kultur og naturreligion.
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.


