Sveip til neste sideBla med piltastene

Marxisten som forelska seg i (blant andre) Maggie

Denne veka blei ein biografi om den peruanske nobelprisvinnaren Mario Vargas Llosa lansert, og for dei som veit å setje pris på litterært sladder, ser boka ut til å vere ei Sareptas krukke. Llosa var visst kjent som «samtidslitteraturens Julio Iglesias», og då han døydde i fjor, hausta han ikkje berre godord. «Ein egoistisk, uærleg person», er tittelen på den konservative avisa The Spectator sin omtale av biografien. Dei siterer òg den første kona hans: «Kvifor så mange løgner, så mykje bedrag, så stor illojalitet?» Ho var forresten også tanta hans, dei gifta seg i 1955, men ti år seinare gifta han seg på ny – no med kusina si Patricia, som for ordens skuld ikkje var dottera til den same tanta/kona. Ekteskapet varte og rakk fram til 2015, då Vargas Llosa blei saman med ekskona til … Julio Iglesias.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.