Sveip til neste sideBla med piltastene
Essay

Kva er det med Alberte?

Tiltrekningskrafta til Cora Sandels Alberte ligg i fridommen ho har som ein utprega litterær figur.

I PARIS: Cora Sandel drog til Paris i 1906 for å bli kunstmålar, og særleg i «Alberte og friheten» skriv ho om kunstnarmiljø i Paris. Her frå Émile Bernards måleri «Cabaret à Paris» (1889). FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

Eg drog ikkje til Paris på grunn av Alberte. Men då eg kom dit, forstod eg at Cora Sandels skildringar av Alberte i Paris meir enn noko anna har forma mitt bilete av byen. Den vakre og harde byen, der fridommen og fattigdommen bur tett på kvarandre, der ein kan bli seg sjølv eller like gjerne mista seg sjølv. Eg kom om lag hundre år etter den fiktive Alberte, eg hadde blitt tildelt stipendopphald i ein kombinert leilegheit og studio i Cité Internationale des Arts. Ei høg sekstitalsblokk med plass til over tre hundre kunstnarar om gongen. Midt i byen, like ved Seinen. Noko hadde forandra seg sidan Albertes tid: Me budde ikkje lengre i kummerlege hotellrom med veggedyr og mus på Montparnasse. Me budde på institusjonen bygd for oss, stabla i høgda. Ein av dei tilsette viste meg leilegheita mi, han peikte alvorleg på kvar enkelt gjenstand som var der og registrerte dei i eit skjema. Det var noko merkeleg med serviset i kjøkkenskapa, det var liksom gjennomskinleg, mjølkeaktig, laga av eit veldig billig materiale. Eg forstod at eg måtte justera forventningane mine jo før jo heller; det er mykje som ikkje er vakkert i Paris. Dessutan er det vanskeleg å arbeida der, det veit alle som har prøvd. Byen ropar: Kom ut, kom ut! La meg lysa på deg med venleiken min. Men byen konfronterer og audmjukar også den som kjem hit og trur ho er noko. Alt dette veit Alberte, og alt dette har ho vist meg. Då mannen med skjemaet hadde gått, opna eg vindauga ut mot gata og elva, den varme junidagen slo mot meg, lufta fylt av eksos og klorofyll. Likna Seinen flytande metall som i «Alberte og friheten»? Eg strekte meg for å sjå.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.