I det rause jordbruksoppgjeret i år som gav «gjennomsnittsbonden» inntektsjamstilling, var forhandlingspartnarane så smålege at dei tok frå småbrukarane all støtte gjennom eit botnfrådrag på 11.000. Dei små, som berre ville ha fått 11.000 i støtte, skulle miste alt. Det var dette eg kalla bondekannibalisme – ein freistnad på å bruke landbruksoppgjeret til å la dei små kome på menyen til dei store.