I søket etter gode illustrasjoner til Bokmagasinet, hender det man snubler over materiale som vel er på siden av saken, men for godt til ikke å deles. Arkivaren presenterer et utvalg.
Foto: Sam Hood/Wikimedia Commons
Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen
Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.
Poetisk praksis
Morgon, 27.05.2024
Signe Braut
Snart to år.
Føtene dine klemmar seg
Rundt livet mitt
Saman går vi mot ein heilt vanleg dag
Dei sterke armane dine
Både vil og vil ikkje, eg snakkar om det du skal,
Du snakkar om det du ser
Mellom Levering og Henting lever vi kvar våre liv
Eg les nyhenda, les om Rafah,
Og berre eitt spørsmål brenn seg fast:
Ville eg kjent att kroppen din
Utan hovud?
Roman
Polyamorøs prosa
Det står sval, kontinental bris frå sidene i Hans Petter Blads roman om ein erotisk trekant.
Merete Røsvik
Litterære finter: Hans Petter Blad har ein utsøkt sans for rammande karakteristikkar. Foto: Rikke Løe Hovdal
Hans Petter Blad
Den unge kvinnen
Oktober 2024, 165 sider
Blad var filmskapar då han 40 år gamal romandebuterte med den le-høgt vittige, svarte komedien «I skyggen av små menn midt på dagen» (2002) – ein genistrek av ein tittel! (Den bekrefta hypotesen min om at ein tittel som begeistrar ber bod om ei god bok – det er sikkert som Statens pensjonskasse.) Sjølv om Blad der tek eit nådelaust oppgjer med ein feig, intellektuell mann som i si emosjonelle forvirring blir fullstendig omsynslaus mot kvinner (tenk Woody Allen), vitnar teksten også om den same fascinasjonen for polyamorøse relasjonar som går igjen i fleire av romanane hans og no er motivet i den nyaste; «Den unge kvinnen».