Akkurat nåAkkurat no

Tap-tap

God dag. Eg har vore litt nedfor i det siste. Diktarlivet tek på både psykisk og fysisk, og det er særleg den siste biten som har vorte mest gjeldande den siste tida. Det har seg nemleg slik at eg her om dagen gjorde eit brutalt funn etter at eg hadde dusja og tørka meg.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.

Akkurat nå

Dr.Dritt

Akkurat no er eg rasande over pengar og Dr. Dropin, to ting som så definitivt heng saman, ­openbert, og difor er eg også rasande på meg sjølv. Eg kunne nøgd meg med å berre skrive: aldri dra på Dr. Dropin, kanskje fyrst og fremst til meg sjølv, sidan eg reknar med at lesarane av Klassekampen ikkje er dei hyppigaste brukarane av ­Askeladden & Co-selskapet. Men, fordi det kan vere fleire idiotar som meg der ute, og sidan eg treng påminninga, så skal eg utfylle. Det heile starta med lange helsekøar. Ikkje overraskande, og det var nesten i ein slags trass over dette, at det offentlege ikkje meistra å gje meg ein liten halvtime til noko eg treng, at eg bestilte time hos det dumme, dumme, kapitalistiske helvetes-konsernet.

Utflyt­taren

Eg er tilbake frå distriktet. Eg har budd der, nærmare bestemt ein stad i Innlandet, i kring eit halvt år. (Det har leia til endringar. Som at eg no, i denne teksten i alle fall, skriv på nynorsk, at eg veit både korleis ein pumpar luft i bildekk, at janteloven så visst lever i sitt beste velgåande og at Statsforvaltaren er om ikkje djevelen, så den store, stygge kjeppen i hjulet for all framdrift.) Eg har tenkt, medan eg jobba som journalist i ei avis på denne staden i Innlandet, at eg skulle føreslå ei spalte. Det var inspirert av samlinga av spaltene til Agnes Ravatn, Alle mot alle, som eg las før eg drog til distriktet. Eg har gått med idear til spalta i heile det halve året eg var i avisa.

Sorga vert ikkje sløkt

«Påskemorgen slukker sorgen», syng dei i kyrkja. Eg må seie at eg ikkje kjenner meg heilt igjen. For meg er påska ei tid eg gruar meg til. Da mor og far la ut egg til meg i hagen, fann eg dei aldri. «Du må bli betre til å leite, gut», sa dei og lét meg sitte utan sjokolade. På ungdomsskulen rundt påsketider for mange herrens år sidan vart eg heldt fast av nokre skulekameratar. Dei spikra eit par to-tom-fire saman og krossfesta meg. Dei bruka genseren min og skjorta mi til å knyte hendene fast til krossen som kvila mot tverrliggaren på fotballmålet i skulegarden. Det verste minnet er faktisk av moderne sort.