Solveigs salt

Mannepropp

Sporet var fullt av menn som vagga med kroppen og veifta med stavane.

Dronene flyg over snødekt skog og sender ei eggjande blanding av kappløp og saktefjernsyn rett inn i flatskjermen. Tusenvis av vaksne karar kavar framleis i startområdet og kan ikkje rekna med å koma i mål før i kveldinga, mens dei raskaste, trass i nysnø og tungt føre, allereie har lagt den første mila bak seg. Inn og ut og imellom dei smett Emilie Fleten i svart og gul skidrakt.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.

Solveigs salt

Korset og nåden

Ein søndag tidleg på våren hamna eg tilfeldigvis i soknekyrkja her i traktene. Betongveggene var utan vindauge, akkurat som før, og dei tunge lysekronene trekte straum midt på blanke føremiddagen. Ja, eitt og anna omskifte var der jo, preikestolen var borte, salmetekstane kom fram på store dataskjermar, og medlemane frå den spesielt inviterte ungdomsforeininga strente frimodig att og fram. Ei av jentene hadde ein genser med eit stort kors bak på ryggen. Når ein ser denne kyrkja på avstand, liknar ho på ein bratt hoppbakke, og då ho var ny, såg eg fram til å koma inn under det himmelske lyset som eg trudde skulle skina ned frå det høge tårnet. Men det er som om glaset aldri skulle vore oppfunne, og i staden for dagslys fell det ein stygg skugge frå den skarpe vinkelen mellom det oppoverskrånande taket og altertavla, der Jesus og røvarane heng på kvar sitt kors som tre inntørka dauingar. Dersom meininga var å venja kyrkjelyden av med å tru på oppstoda og det evige livet, kunne det ikkje vore gjort betre. Greitt nok for meg.

Olav Audunssøn

Det er hundre år sidan Sigrid Undset gav ut «Olav Audunssøn», og halvparten så lenge sidan eg gjorde ferdig hovudfagsoppgåva mi om dette verket. Derfor synest eg at det er stor stas at det kjem ei ny dansk omsetting, endå Sigrid Undset var halvt dansk sjølv og skreiv på eit så konservativt riksmål at det burde kunna gå for det same. På syttitalet var denne ihuga katolikken det siste ein skulle koma dragande med på universitetet, der AKP(m-l) hadde gjort palassrevolusjon, og professorane stod og klemde seg oppetter veggen og gjorde seg så usynlege dei kunne. Men eg hadde funne bøkene hennar i skinnband og gullsnitt i huset som stod tomt etter farmor og farfar, og ved det gamle kjøkenbordet deira hadde eg ein mørk vintermorgon fått eit kall som eg no var komen hit for å gjennomføra. Eller sagt på ein annan måte, såleis hadde eg skaffa meg eit påskot for ikkje å søkja fast stilling i skuleverket riktig enno. I alle fall levde og anda eg i eit undsetsk mellomalderunivers som eg seinare heldigvis har fått dela med ganske mange. Dei fleste reknar «Kristin Lavransdatter» som den beste av mellomalderromanane. Her er ei romantisk kjærleiksforteljing, farlege konfliktar mellom individ og samfunn, og ein kristendom som gjev meining og forsoning.

Monarkiets pris

Der er øvet urett imot meg», seier Nora i siste akt av «Et dukkehjem» av Henrik Ibsen. Det same kunne Mette-Marit ha sagt no som krisene slår inn frå alle kantar. For vilkåret for å bli godkjend som norsk kronprinsesse var at ho kasta vrak på den ho tidlegare hadde vore og lét seg forvandla til ei utstillingsdokke, og så vidt eg minnest, var det ingen som spurde om det var rett gjort mot henne. Men eg hugsar kor pinleg det var då ho måtte be om orsaking for dei utagerande ungdomsåra på Norsk rikskringkasting, med ei tåre i augekroken og eit ørlite papirlommetørkle mellom fingrane. Denne offentlege audmykinga var nøye tilmålt av hoff og styresmakter på grunnlag av det dei meinte å vita om samfunnsopinionen. Kan henda skulle dei heller ha spurt seg sjølve om ikkje prisen for å sleppa inn i kongehuset var altfor høg, og om det ikkje hadde vore betre både for Mette-Marit og det norske folket om ho hadde fått stå fram like frimodig som den franske songaren Edith Piaf, som oppsummerte fortida si med «Non, rien de rien – nei, er kje lei, nei, angrar slett ingen ting». I den ortodokse kyrkja i Ravenna i Italia er det to store, femten hundre år gamle veggmosaikkar, den eine av keisar Justinian med hoffmenn, den andre av keisarinne Teodora med hoffdamer. Han var tronarving til det austromerske keisarriket, ho var fødd i det nedre sjiktet av underhaldningsbransjen og hadde livnært seg som nakendansar og prostituert.