Solveigs salt

Keisaren av USA

Skremsel og smisk er ingen farbar veg.

Europa har hatt god tid til å innstilla seg på omorganiseringa av Nato. Det er eit kvart hundreår sidan president Bush drog forsvarsalliansen inn i dei idiotiske krigane i Afghanistan og Irak, og då Donald Trump i førre periode ville ha oss til å dekkja ein større del av utgiftene, var det eit nytt varsel om at no må me stå på eigne bein. Dessutan har ikkje USA fungert så godt som verdspoliti at det er nokon grunn til å tvihalda på det når det raknar i alle fall.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.

Solveigs salt

Basar

Då eg blei fødd inn i denne verda, lærte eg gradvis korleis ho er innretta, dels ved sjølvsyn, men mest av dei som kom hit før meg. Dei tvinga meg til å stå opp om morgonen, kle på meg og gå på skulen, og eg fann meg i det fordi eg forstod at det måtte til for at kvardagen skulle gå rundt. Like eins var det innforstått at det fanst mykje som ikkje var synleg til kvardags, som løver i Afrika, kvalar i havet og ufatteleg store galaksar fleire milliardar lysår borte. Sånn sett var det rimeleg nok at det kunne finnast ein Gud i himmelen òg. Men i motsetnad til løvene og stjernetåkene var han omgjeven av keisemd, og når det var juletrefest eller basar på bedehuset, måtte eg sitja still og venta på ein hard trebenk mens ein kvithåra eller skalla olding stod på talarstolen og snakka om gudelege ting i minst ein time. Aller verst var han som ikkje greidde gå ned igjen. Han prøvde fleire gonger, falda hendene, lukka auga og bad med høg røyst til Jesus.

Andre si kraft

Å laga retningslinjer for menneskeleg atferd som alle trygt kan følgja, har aldri vore lett. Til dømes gjev det dårleg utteljing når ein mann som hungrar etter nærkontakt, overfell ei kvinne med intime kjærteikn, sjølv om han berre gjer det mot den andre som han vil at den andre skal gjera mot han sjølv. Det er likevel ingen grunn til å ikkje å arbeida vidare med saka. Dei ti boda som Jahve gav Moses på Sinaifjellet, er samla om det du ikkje skal gjera, å dyrka avgudar, slå i hel, svika, juksa og lyga. Dei bryr seg svært lite om samhandling av det rausare slaget, som å stilla opp for naboane og møta framande kulturar med ope sinn. Jesus frå Nasaret prøvde å retta det opp med ekstrem sinnelagsetikk: Dersom ein mann bed om å få kappa di, gjev han kjortelen òg, og dersom han vil ha deg til å gå ei mil med han, gå to. Men det verkar ikkje som det nokon gong fall han inn at folk hadde svoltne ungar som dei måtte heim med mat til før natta fall på.

Flyt

Meir enn halve livet hadde gått då eg skjøna at eg hadde innretta meg med låg inntekt, eit ganske lite hus og bil på deling med mannen min fordi det er min natur å styra unna rikdom. Endå eldre måtte eg bli før det gjekk opp for meg kor mykje lukke som ligg i å halda tilværet sitt ved like. Men heldigvis har eg visst det ganske lenge no, at for ein levande kropp er det ei glede i seg sjølv å dra si eiga vekt, og å balansera i stigar og krypa på hender og kne og vera så i harmoni med målinga på penselen og planterøtene i molda at tida forsvinn og sansing og handling er alt som finst. Ein sommardag sat eg ved restane av ein temmeleg mismodig lunsj på hytta hos ei lita kvinne som hadde reist seg frå bordet for meir enn eit kvarter sidan og ikkje kome tilbake. Så høyrdest det skingrande skrik frå annekset oppi bakken av trevirke som blei brote laus med kubein. Eg snudde meg i stolen og såg med undring og age at ut gjennom ei vindaugsopning så smal at det var eit under at ikkje ruta blei knust, kom det sendande ein straum av fjøler og stokkar med lange spikrar frå nokre demonterte køyesenger. Det neste eg gjorde, var å finna meg ein slipemaskin og kopla han til eit aggregat og gå ned på alle fire der inne på golvet. Dei følgjande dagane svevde me begge to på ei sky av arbeidslyst, til det blei laurdagskveld og me gjekk ned til elva og bada. Det finst ein luksus som berre er for dei skitne og gjennomsveitte, under lauvtunge greiner som heng lågt over strøymande vatn.