6. des.
Innbilt fange Det fanst ingen i nærmiljøet som naturbarnet Cathrine Morland kunne forelska seg i. Men når ei ung dame er meint til å bli heltinne, kan ikkje motstanden frå førti sedate grannefamiliar hindra det. Noko må og vil henda som slengjer ein helt framfor føtene på henne.
«Northanger Abbey», som kom ut i 1818, er den siste romanen til Jane Austen, og samtidig den første, for han er skriven på grunnlag av det upubliserte ungdomsverket «Susan». Det er ei underfundig bok der den modne forfattaren kommenterer handlinga over hovudet på den unge, som ein dramatikar som står midt på scena og forklarer kva dei medverkande held på med.
For å få fart på handlinga inviterer eit par vener av familien Morland den sytten år gamle Cathrine med til badebyen Bath, der marknaden er større og utvalet betre. Der ute i den store verda finst det sjølvsagt òg ein og annan sadistisk adelsmann som liker å tvinga unge damer med til avsidesliggjande gardar. Men mor til Cathrine veit ingenting om den slags, og formanar henne berre om å kle seg varmt når ho kom heim frå dans, og ikkje å la pengebruken gå heilt over styr.
Lesarar med fast tru på den sosiale kontrollen på attenhundretalet kan knapt unngå å undra seg over kor fritt denne uerfarne tenåringen får lov til å renna omkring.
Solveig Aareskjold