Solveigs salt

Gråtande menn

Skikk og bruk styrer dei spontane reaksjonane våre.

Ingen kunne unngå å få med seg at Noreg slo Italia i fotball for menn sist søndag, og dermed kvalifiserte seg for deltaking i verdsmeisterskapen neste år. Det var fint lagspel og fabelaktige einskildprestasjonar, så gripande å vera vitne til at det kunne driva fram tårene på nokon kvar. Så har det då heller ikkje mangla på mediedekking av vaksne karar som græt offentleg, og det utmattande maset om mannen i krise har fått ei forfriskande overrisling av naturlege reaksjonar.

Du har dessverre ikke tilgang til artikkelen

Logg inn i appen eller kontakt kundeservice.

Solveigs salt

Innbilt fange

Det fanst ingen i nærmiljøet som naturbarnet Cathrine Morland kunne forelska seg i. Men når ei ung dame er meint til å bli heltinne, kan ikkje motstanden frå førti sedate grannefamiliar hindra det. Noko må og vil henda som slengjer ein helt framfor føtene på henne. «Northanger Abbey», som kom ut i 1818, er den siste romanen til Jane Austen, og samtidig den første, for han er skriven på grunnlag av det upubliserte ungdomsverket «Susan». Det er ei underfundig bok der den modne forfattaren kommenterer handlinga over hovudet på den unge, som ein dramatikar som står midt på scena og forklarer kva dei medverkande held på med. For å få fart på handlinga inviterer eit par vener av familien Morland den sytten år gamle Cathrine med til badebyen Bath, der marknaden er større og utvalet betre. Der ute i den store verda finst det sjølvsagt òg ein og annan sadistisk adelsmann som liker å tvinga unge damer med til avsidesliggjande gardar. Men mor til Cathrine veit ingenting om den slags, og formanar henne berre om å kle seg varmt når ho kom heim frå dans, og ikkje å la pengebruken gå heilt over styr. Lesarar med fast tru på den sosiale kontrollen på attenhundretalet kan knapt unngå å undra seg over kor fritt denne uerfarne tenåringen får lov til å renna omkring.

Ri­siko­sport

Jane Austen er først og fremst verd å minnast fordi ho skreiv fabelaktige bøker, men ho skil seg òg ut fordi ho til kvinneleg forfattar å vera hadde ein uvanleg støttande familie. Då «Stolthet og fordom» nettopp var komen frå trykkeriet, tok ho ei av svigerinnene sine med inn på soverommet for å lesa høgt for henne, og ei yngre søster til denne svigerinna, som hadde lista seg etter for å tjuvlytta, fortalde seinare at ho hadde høyrt muntre lattersalvar gjennom den lukka døra. Ho fortalde òg at tante Jane, som ho kalla henne, ofte sat heilt taus med eit sytøy i hendene attmed peisen i biblioteket. Så kunne ho brått setja i å le, spretta opp or stolen og springa tvers over golvet bort til eit bord der penn og papir låg klar. Etter å ha skrive ned nokre ord gjekk ho roleg tilbake til peisen og heldt fram med å sy. Ho var fødd fjorten år før den franske revolusjonen, i ein engelsk presteheim som var svært rik både på kulturkapital og kjærleik. I ungdomen gjekk ho mykje på ball, ein slags dansefestar der folk slapp laus søner og døtrer slik at dei kunne snusa seg fram til høvelege ektemakar under kontrollerte forhold. Minst to gonger blei ho fridd til, først av ein som døydde like etter, deretter av ein som ho sa ja til fordi han var eit godt parti. Dagen etter slo ho opp, og familien skjøna at det hadde vore ei vond avgjerd for henne. Men brørne hennar sytte for at ho hadde pengar nok til å leva like standsmessig som ho var vand med, og ho trong aldri gifta seg for å bli forsørgd. Å gå på ball var svære greier for alle jenter som var av god nok familie til å bli inviterte.

Sjølv­bin­daren

Ein ettermiddag i 1960 køyrde far min som så ofte før ein raud traktor gjennom ein gyllen byggåker. Bak traktoren hang ein sjølvbindar, ein maskin frå den tidlege industrialiseringa av jordbruket, utvikla tett opp til dei sigdane, hendene og bøygde ryggane som hadde gjort jobben sidan steinalderen. Kjerringa mot straumen må ha vore leiar for prosjektet, for den lange metallinretninga som kutta halmstråa av, var snarare ei saks enn ein kniv. Dei fall på ein transportør av lerret, blei bunta i hop til gamaldagse julenek av eit mekanisk knyteapparat og dumpa bak. Men det var ingen automatikk i det, så det måtte sitja nokon med skarpt syn og gode refleksar på det rumpeforma metallsetet oppå sjølbindaren og gripa inn med to spakar for at bunting og knyting skulle gå rett føre seg. Det var eit krevjande arbeid, og vanlegvis var det ein vaksen mann som sat der. Men utover etterkrigstida blei det vanskeleg å skaffa folk, så far måtte greia seg med ein elleve års jentunge.